
I 2014 starta BYRG Kompetanse med produksjon av eplemost som eit prøveprosjekt. Prosjektet var særs vellukka og vi ønsker å videreføre og utvide dette arbeidet.
Det heile starta med ein avisartikkel i lokalavisa der vi ønskte å kome i kontakt med personar som hadde epler til overs i hagen sin. Responsen var så stor at vi ikkje hadde kapasitet til å plukke alt.
Mange på bl.a. varig tilrettelagt arbeid (VTA) stortrivst når dei får vere ute og jobbe. Hausting av epler er ein kjekk jobb. Ellers består arbeidet i å vaske og pakke epla i avdelinga vår på Stranda før dei vert køyrd til safteriet. Der blir epla kverna, moste og pressa, og så pasteuriserte og tappa på flasker. Når flaskene er tilbake i vår avdeling på Stranda blir fine etikettar påmontert, dette er ein jobb som krev litt nøyaktighet. Etiketten er designa av Audun Skjervøy.
Vår første eplemost har blitt solgt til Union Hotell i Geiranger, Villa Norangdal, på fleire messer og til privatpersonar. Komande produksjon vil bli utvida og fleire vil få mulegheita til å smake vår nydelege 100 % økologiske eplemost. Vi er stolt av produktet og den kvaliteten vi leverer.