logo.png
 
 
 

gruppebilde_montasje_bw_web582.jpg

Velkomen til Byrg kompetanse!

BYRG Kompetanse AS er ei bedrift som arbeider med menneske som i periodar eller permanent har behov for ein tilrettelagt arbeidsplass eller trening og rådgjeving for auka funksjonsevne. Nokre av prosjekta våre er attføringsrelatert medan andre er reine veilednings- og støtteordningar for t.d. returnerte soldatar og andre som har opplevd traumatiserande hendingar som påverkar deira evne til å fungere i ein arbeidssituasjon. Tilretteleggingsarbeidet er i utgangspunktet eit samarbeid mellom NAV og kommunane Stranda, Sykkylven, Norddal og Stordal.

Vi har fram til i dag hatt følgande tiltak:

  • Varig tilrettelagt arbeid (VTA) med 27 plassar
  • Arbeidsforberedende trening (AFT) med 10  plassar
  • Arbeidsaktivitetssenter (AAS)

Tre avdelingar
BYRG Kompetanse AS har avdelingar på Stranda, i Sykkylven og Norddal. Vår produksjon er bl.a. fordelt på møbelproduksjon, monteringsoppdrag, delproduksjon/småproduksjon, tekstilprøver, kantinedrift, jobb- og skulefrukt, uteaktivitetar og tiltakshåndtering. I tillegg produserer vi ein del eigne produkt og tjenester.
Hovudadministrasjon og kurslokaler er lokalisert på Stranda.

Godt arbeidsmiljø
Vi er ein produktiv og kreativ gjeng som etter kvart har samla ei brei fagkompetanse innan fleire område. Vår viktigaste oppgåve er å bidra til å utvikle menneske og bygge sjølvtillit, som gir auka livskvalitet for den enkelte.

Det oppnår vi gjennom å:
- Finne arbeidsoppgåver som passar for den enkelte. 
- Skape eit godt arbeidsmiljø som gir tryggheit.

Kvalitetspolitikk 
Kvalitet og pålitelegheit skal prege vår virksomheit, både når det gjeld varer og tenester, og menneskelege ressursar.
Dei grunnleggande verdiane skal prege organisasjonen i forhold til all aktivitet og kommunikasjon internt og eksternt.
BYRG Kompetanse AS skal vere førstevalget for kjøp av varer og tenester for det lokale/regionale næringslivet, samt offentlege samarbeidspartnarar.

Vår visjon
Tilhørigheit, utvikling og meistring for alle. BYRG Kompetanse AS skal gje den enkelte meistringsevne, og skape grunnlag for å vere stolt av seg sjølv. Den enkelte skal føle tilhørigheit og ein ekte følelse av å bety noko.

I utvikling
Vi ønsker at BYRG Kompetanse AS skal tenkje nytt og utvide portefølja av tenester. Vi brukar tid og ressursar på å utrede nye idéar, og vi har mykje nytt og spanande som vi vil presentere etter kvart.

Vi er en trygg aktør å gjøre handel med. Les firmarapporten fra Bisnode Credit


         

 

 

Månedens tema i Equass

TIPS OSS 

Byrg Kompetanse ønsker tips om arbeidsoppdrag frå privatpersonar og næringslivet på Stranda og i Sykkylven.
Ring oss gjerne om du trur du kan bidra med arbeid for våre brukarar: 70 26 99 30
SISTE NYTT

ÅPNINGSTIDER PRODUKSJON

mandag -fredag 07:30-15:15

NYTTIGE LINKER

www.nav.no
www.stranda.kommune.no 

facebook/Byrg Kompetanse as

AVDELING STRANDA

Besøksadresse:
Kyrkjegata 23,
6200 Stranda

Postadresse:
Postboks 18, 6201 Stranda

Telefon: 70 26 99 30
post@byrgkompetanse.no 

AVDELING SYKKYLVEN

Postadresse og besøksadresse:
Bakkedamsvegen 30,
6230 Sykkylven


Telefon: 70245950
post@byrgkompetanse.no