logo.png
 
 
 

Menneske i samspel
Rediger artikkel
Velkomen til Byrg kompetanse!
velkommen

BYRG Kompetanse AS er ei bedrift som arbeider med menneske som i periodar eller permanent har behov for ein tilrettelagt arbeidsplass eller trening og rådgjeving for auka funksjonsevne. Nokre av prosjekta våre er attføringsrelatert medan andre er reine veilednings- og støtteordningar for t.d. returnerte soldatar og andre som har opplevd traumatiserande hendingar som påverkar deira evne til å fungere i ein arbeidssituasjon. Tilretteleggingsarbeidet er i utgangspunktet eit samarbeid mellom NAV og kommunane Stranda, Sykkylven, Norddal og Stordal.

Vi har fram til i dag hatt følgande tiltak:
- Varig tilrettelagt arbeid (VTA) med 27 plassar

- Arbeidspraksis i skjerma virksomheit (APS) med inntil 10  plassar
- Tilrettelegging for elevar frå videregåande skule, med tilpassa aktivitetar som ein del av læreplanen

To avdelingar
BYRG Kompetanse AS består har attføringsavdelingar på Stranda og i Sykkylven. Vår produksjon er bl.a. fordelt på møbelproduksjon, monteringsoppdrag, delproduksjon/småproduksjon, tekstilprøver, kantinedrift, jobb- og skulefrukt, uteaktivitetar og tiltakshåndtering. I tillegg produserer vi ein del eigne produkt og tjenester.
Hovudadministrasjon og kurslokaler er lokalisert på Stranda.

Godt arbeidsmiljø
Vi er ein produktiv og kreativ gjeng som etter kvart har samla ei brei fagkompetanse innan fleire område. Vår viktigaste oppgåve er å bidra til å utvikle menneske og bygge sjølvtillit, som gir auka livskvalitet for den enkelte.

Det oppnår vi gjennom å:
- Finne arbeidsoppgåver som passar for den enkelte. 
- Skape eit godt arbeidsmiljø som gir tryggheit.

Kvalitetspolitikk 
Kvalitet og pålitelegheit skal prege vår virksomheit, både når det gjeld varer og tenester, og menneskelege ressursar.
Dei grunnleggande verdiane skal prege organisasjonen i forhold til all aktivitet og kommunikasjon internt og eksternt.
BYRG Kompetanse AS skal vere førstevalget for kjøp av varer og tenester for det lokale/regionale næringslivet, samt offentlege samarbeidspartnarar.

Vår visjon
Tilhørigheit, utvikling og meistring for alle. BYRG Kompetanse AS skal gje den enkelte meistringsevne, og skape grunnlag for å vere stolt av seg sjølv. Den enkelte skal føle tilhørigheit og ein ekte følelse av å bety noko.

Stifta i 1992
Stranda ASVO AS blei stifta i 1992, og var då ei kommunal bedrift som dreiv i eit kjellerlokale i sentrum av Stranda. Etter nokre år kjøpte vi lokala til ein eldre møbelprodusent i Kyrkjegata 23 på Stranda, og eig no heile bygget. Bedrifta vår blei ytterlegare utvida i 2006 då vi kjøpte URA Produkter AS i Sykkylven. Vi endra då navn til ASVO Produkt AS

Vi har vore ei vekstbedrift i mange år, men vi står overfor nye utfordingar og ønsker no å gå over til attføringsbedriftene. Vi vil fortsatt behalde vår profil som leverandør av tenester til kommune og NAV.

I utvikling
Vi ønsker at BYRG Kompetanse AS skal tenkje nytt og utvide portefølja av tenester. Vi brukar tid og ressursar på å utrede nye idéar, og vi har mykje nytt og spanande som vi vil presentere etter kvart.

Følg med på våre Nyheiter.

Rediger artikkel
REFERANSAR
Ole Vedvik, produktutvikler LK Hjelle

BYRG Kompetanse har i mange år levert tjenester til oss.
Det er BYRG Kompetanse som bl.a trer alle Siestastolar som blir levert frå vår fabrikk.
Dette er eit tidkrevjande arbeid og det er til tider svært hektisk.

Vi er glade for dette samarbeidet og håpar det vil fortsette i mange år.

Rediger artikkel
Jan Egil Aure, Ekornes

Kvalitet og punktleg levering er viktig for oss, og vi kan stole på at BYRG Kompetanse leverer våre ordrer som vi krever.

Det at vi er lokalisert kun få minutter frå kvarandre gjer samarbeidet smidig og enkelt.

Vi ser fram til vidare samarbeid!

Rediger artikkel
Kristin Vikenes, Slettvoll

Vi er veldig fornøgde med å kunne levere stoffrullane våre til dykk, og få levert flotte tekstilprøver tilbake til avtalt tid.

Vi er svært fornøgde med samarbeidet!

Rediger artikkel
SISTE NYTT
ARBEIDS- OG AKTIVITETSSENTER I NORDDAL

Vårt ønske er å opprette en aktivitet for de med behov for en tilrettelagt hverdag lokalt i Norddal. Tilbudet skal sikre tjenestemottagerne et tilbud som blir levert lokalt. Norddal kommune vedtok enstemmig i går kveld å inngå en avtale med Byrg Kompetanse for levering av denne tjenesten. Vi er veldig glade og stolte over å få bli en leverandør av kommunen for et tiltrengt tilbud.

Vi ønsker å skape aktivitet i Norddal som flere grupper av tjenestemottagere vil nyte godt av. Forventet oppstart er 15. november og vi i BYRG er allerede godt i gang med planleggingen.

Ingen Kunst? starter 7. september

Torsdag, 7. september 2017 starter vi kunstprosjektet saman med 6 deltakere. Prosjektet skal resultere i en ekte og seriøs kunstutstilling våren 2018. Vi har engasjert Donka Petkova fra Stranda som kunstnerisk veileder.

Maleriene og akvarellene skal utstilles og selges i et lokale i sentrum av Stranda kommune fra og med våren 2018. Vi skal også lage en internettside med kunstkatalog og nettbutikk, hvor man kan kjøpe kunst laget av våre deltakere. Med salgsinntektene håper vi å kunne gjenta prosjektet i 2018/2019.

Donka Petkova eier Art Studio Aknod på Stranda. Hun er født i Bulgaria, men bor nå på Stranda. Hun ble uteksaminert fra kunstskole i sin hjemby-Kazanlak, i 2003 med spesialfelt innen malerkunst. Etterpå spesialiserte hun seg på gullsmedhøyskole , innen smykkeprofiler frem til 2009 i Plovdiv.

Mer informasjon og kunstgalleriet finner du på www.ingen-kunst.no.

Velkommen til Nicolai Karlsen

Nicolai har kontorsted i Sykkylven og får ansvaret for å bistå/ veilede våre kandidater på den siden av fjellet. Mange spennende prosjekter som står for tur og vi ser frem til å få bruke hans kompetanse på mange områder.

Rediger artikkel
VI TILBYR FØLGANDE TENESTER:
Vi tilbyr

Byrg Kompetanse AS tilbyr arbeidsretta tilktak, veiledning, personaloppfølging, kurs, konferanse og rekruttering.

Rediger artikkel

GALLERI
BILDER FRÅ PRODUKSJON OG LOKALER:

LEIARGRUPPA
VÅRE TILSETTE ER KLAR FOR Å HJELPE DEG
Stig Tore Rennemo

Dagleg leiar
Mobil: 928 53 007
Epost: stig.tore@byrgkompetanse.no

Siw Linda Kvame

Fagleder
Mobil: 474 56 511
Epost: siw@byrgkompetanse.no

Frank Melseth

Avdelingsleiar Sykkylven
Mobil: 400 08 460
Epost: frank@byrgkompetanse.no

Anne Grete Gjerde

Kontorleiar
Mobil: 489 96 365
Epost: annegrete@byrgkompetanse.no 

Randi Sæter

Avdelingsleiar
489 96 367
randi@byrgkompetanse.no

Gert Rietman

Rådgiver
Mobil: 928 54 190
Epost: gert.rietman@byrgkompetanse.no

Rediger artikkel

ÅPNINGSTIDER PRODUKSJON

mandag -fredag 07:30-15:15

NYTTIGE LINKER

www.nav.no
www.stranda.kommune.no 

facebook/Byrg Kompetanse as

AVDELING STRANDA

Besøksadresse:
Kyrkjegata 23,
6200 Stranda

Postadresse:
Postboks 18, 6201 Stranda

Telefon: 70 26 99 30
post@byrgkompetanse.no 

AVDELING SYKKYLVEN

Postadresse og besøksadresse:
Bakkedamsvegen 30,
6230 Sykkylven


Telefon: 70245950
post@byrgkompetanse.no